onsdag 29. januar 2014

Øvingshelga :-)

Hei.
Håper alle er klar for ei kjekk øvingshelg. Her kjem ei lita påminning på øvingstider.

Øving  klokka 18.00 – 20.00 : ingen servering denne øvinga. Et godt før de kjem, og treng du meir, ta med niste :)
Laurdag 1. februar:
Øving  klokka 10.30 – 16.20.
Pause –  mat – klokka 13.00 – 13.30.
Pause – frukt og kjeks eller liknande - klokka 15.00 – 15.15.
Øving klokka 10.00 – 15.30.
Pause - mat og formkaker el. liknande -  klokka 12.30 – 13.00.

Er det nokon som treng meir mat eller energi utover dette, so ta med det nødvendige....
Pass på å møt i god tid, og ta med godt humør og øvingslyst :-)
Dette skal bli kjekt, og vi ser fram til å møte våre gode venner i Flem, Lepsøy og Tennfjord skulekorps....

vel møtt :-)
mvh styret

Vårt neste prosjekt :-)


Hei alle musikantar og føresette :)
No har vi endeleg komt skikkeleg i gong med øvingane igjen, og satsar for fullt mot konserten saman med Rein Alexander 30. mars i Nordøyhallen.
Dette er eit stort prosjekt, og ilag med oss har vi invitert Flem, Lepsøy og Tennfjord skulekorps. Kjempekjekt at alle tre korpsa ville vere med, og det er veldig flott for musikantane å kunne samarbeide på denne måten.
Haramsøy Skulekorps står sjølve som arrangør for dette prosjektet, og då sei det seg sjølv at det vert mykje arbeid på både musikantar, dirigent og foreldre. Mykje KJEKT arbeid. :)
Det dåkke som foreldre treng å merke dåkke no, er konserthelga 27-30 Mars, og felles øvingshelg 31/1-2/2.
Øvingshelga kjem til å gå føre seg på Haramsøy Skule/Samf.hus. Reknar med at vi treng litt hjelp frå nokre av dåkke, men dette vil bli gitt beskjed om. Det vil kanskje også verte kalla inn til ein bakedugnad eller noko slikt, også det vil vil kome tilbake til dersom det er aktuelt.
Når det nermar seg sjølve konserthelga, vil det verte litt av kvart som skal ordnast, riggast og forberedast i hallen. Dette er eit ekstra stort prosjekt, med sjølvaste Rein Alexander og om lag 135 musikantar. Vi håper då på at alle dåkke foreldre er like positive som dåkke alltid brukar å vere. Det er sooo kjekt at vi har so mange flinke og kjekke folk som stiller opp når vi har slike store prosjekt.
Når det gjeld aspiranttane våre, vert det ikkje so mykje speling på dei i forhold til dette prosjektet, men kanskje får dei med på litt andre oppgåver.Dei skal no få konsentrere seg mest om aspirantopplæringa og øving/speling i bøkene sine framover. Vi håper likevel at dåkke som foreldre til aspirantane kan hjelpe til litt under konserthelga.
Det vil bli sett opp nokre komitear/arbebidsgrupper til konserthelga. Mat-komite, praktisk-nemnd, Lyd- Lys-og teknisk arbeisdgruppe,  Pynte-komite, økonomigruppe, pr- og informasjons-ansvarlege osb. Det vert sett opp detaljert arbeidsliste og arbeidsfordeling, slik at alle skal få info om kva oppgåver dei har, og tid/stad osv. Dette er under utarbeideng av styret, og vil bli sendt ut når det er klart. 
Ellers er det berre å ta kontakt med styret v/Siv, TOne eller meg dersom det skulle vere noko du lurer på.
Dette skal bli kjempeflott, og vi gler oss masse !!!!!!!! 
-Og ei lita påminning:
Husk at dei som skal ha Ingvildtimar onsdagane må ta med instument og notar på skulen :)

mvh Styret :-)


Sendt fra min iPad

onsdag 9. oktober 2013

Øvingslaurdag :-)


Hei alle saman :-) 
Håper alle kosar seg i haustferien. :-) laurdag 12.oktober er det klart for øvingslaurdag.....jippiiiii. Det et ikkje lenge til konsert, so her må vi sette inn full innsats på øving. Fint om alle kan spele ein del 
heime også :-) 
Tidspunkt for øving 12.oktober:
10-17-felles og gruppeøving.
13.30- matpause.
Det blir nokre småpausar innimellom. 
NB!!!! Juniorar skal vere med frå kl: 12-15 
Spørsmål?? Ta kontakt :-) 

mandag 16. september 2013

Info




HARAMSØY SKULEKORPS
       Hei alle korpsmusikantar
Styret vil med dette ynskje alle saman velkomne til ein ny sesong med Haramsøy skulekorps.
Vi er komne godt igong allereie, og det er veldig kjekt å få nye juniorar med på korpsøvingane J

Det er eit supert korps-år vi går inn i no, med mykje moro å sjå fram til.
Alle har fått utdelt øvingsplan som gjeld fram til oktober, både på papir ogelektonisk, og vi oppmodar alle om å sjå på den av og til. Der er det viktig informasjon J Nokon som manglar, so ta kontakt.

Vi har ikkje øving i haustferien, men på grunn av sjukmeld dirigent og ting som kom i vegen når vi hadde planlagt øvingshelg, vert det mest sansynleg øving ein dag eller to siste helga i vinterferien (11-13. okt). Håper det passar for dei flesteJ
Det skal vere HaNo-fest også den helga, og vi tilpaassar øving slik at det ikkje kolliderar med den. MEIR INFO KJEM!!!!! Følg med ;-)

KONSERT 27. oktober: Etter haustferien kjem ny øvingsplan, og då er det fult køyr framover mot konserten vi skal ha ilag med barneskulekoret.
Det er berre å sette av helga 25.-27. oktober til øving og konsert.  
Vi gler oss…Dette blir knall- kjekt folkens, og ei super musikk-oppleving :)

Meir detaljar om info, kostymer, arbeidsfordeling og dugnadsliste kjemetterekvart.

Etter Barneskule-konserten vert det som åra før både julemesse , adventskonsert og julegrantenning.
Det er mykje godt arbeid som ligg bak ei god julemesse, og vi håper og trur atde som foreldre også i år vilstille velvilleg opp på dugnad, både med å lage ting, gå med loddbøker, bake lefser og kransekaker, tombola o.s.b.
Lefsebaking vert laurdag 2.november.

Vi vil også be om at de merkar datoen 30. mars 2014 J Då er nok eit knallbraog spennande prosjekt å gle seg til!!!!! Berre vent J

Har du spørsmål, berre ta kontakt, Julianne Tlf 99232971

søndag 18. august 2013



NOKON SOM VIL BLI ASPIRANT I KORPSET?

No startar vi på ein ny korps-sesong, og Haramsøy Skulekorps vil difor ynskje nye musikantar, både unge og litt eldre, velkomne som aspiranter i korpset!


Vi sender ut informasjon til 3., 4., 5., 6. og 7. klasse, men elevar i andre klassar har også høve til å melde seg på aspirantopplæring.

Haramsøy skulekorps har i prinsippet inga nedre eller øvre aldersgrense for når ein kan starte som aspirant.
Føresette i samråd med borna må finne ut når borna er mest tent med/ modne nok til å starte. 
Til yngre borna er når dei startar, til meir hjelp treng dei heime. For å få til å spele bør ein øve minst 15 min. kvar dag.

Aspirantundervisninga vil også i år gå føre seg i regi av musikkskulen.
Ingvild Haram er aspirantlærar, og kjem på skulen kvar onsdag. Undervisninga vil vanlegvis gå føre seg i skuletida eller etter skuletid før klokka 15:00.
Tidspunktet for musikkundervisninga skjer i samarbeid med lærarane, og vert endra/ variert i løpet av året slik at elevane ikkje går glipp av nødvendig undervisning. Om det skulle vere spesielle ynskje, prøver vi sjølvsagt å ta omsyn til det so langt det let seg gjer.

Medlemskontingenten for born er 600 kr. (deretter 500 kr. pr. syskjen) for skuleåret 2013/2014.
Korpset vil trenge hjelp til arrangement, kakebaking med meir. Dersom familien ikkje har høve til å vere med på dugnadsarbeid, har korpset åpna for at det er mogeleg å betale ”musikkskule-pris” for musikkopplæringa, (ca. kr 2500).



Påmelding til Ingvild Haram
(tlf: 900 20 675) så snart som mogeleg, og seinast i løpet av måndag 26.08.13.

Det avtalast tidspunkt for utdeling av instrument ved påmelding.
For dei nye aspirantene vert første øving med Ingvild Haram onsdag 28. august  2013.

Det er berre å ta kontakt om det er noko de lurer på, enten til Ingvild,
eller Julianne (tlf: 99232971)


Styret J

søndag 11. august 2013

Velkomne til ein ny korps-sesong :-)

Hei alle saman :-) 
No nermar det seg start på ny korpssesong igjen :-) det gler vi oss veldig til!!!!!  Vi hadde det soooo kjekt forrige korps-år ;-)
Håper alle som ein har lyst til å satse for fullt, med mykje moro, kjekke medmusikkantar og flott musikk :-) vi har litt av kvart på programmet, både utover hausten og våren :-) berre gle dåkke :-)))))
Nokre viktige datoer: 
Første korpsøving måndag 26 august klokka 17.30
Dei som var juniorar i fjor, er no ikkje junior lenger, og skal vere med på heile øvingane. Dei som var aspirantar i fjor, har no blitt juniorar, og kan møte på korpsøving og vere med fram til og med pause (ca kl 19) 
Første øving med Ingvildtimar: 21.august.
Er det noko du lurer på, berre ta kontakt :-)  tlf: 99232971
Vi håper sjølvsagt at alle vert med i korpset vidare.....vi treng alle :-) men om det Er nokon som av ein eller anna grunn ikke har høve til å vere med i korpset lenger, vêr vennlig å ta kontakt so fort som råd. :-)

tirsdag 30. juli 2013

hei alle saman :)

...........og takk for flott innspurt i slutten av korps-sesongen. Både Haramstreff og Korpstur til England var toppers, og dåkke var alle flotte ambassadørar for korpset vårt :-)
Håper dåkke kosa dåkke i sommarferien, og at dåkke snart er klar for ein ny og spennande korps-sesong....Vi har mange kjekke ting å sjå fram til ;-) Berre vent å sjå!!! 
....til alle dåkke som var på korpstur til England: reknar med at mange av dåkke tok mykje fine bilete. Det hadde vore kjempeflott om vi kunne ha samla desse bilete, og laga til noko felles. So har du bilete, ha dei på ein minnepenn, og gi dei til Andreas Sylte !!!! So snart so råd då!!!!!! :-)

sommarklem frå Styret v/ Julianne