søndag 28. april 2013

17.mai - info :)


 Øvingsplan fram mot 17.mai

29.april kl. 17.45 - 20.00:     Vanleg øving
 6.mai kl. 17.45 – 21.00:       Marsjering før pause. Husk gode sko/ kle.
13. mai kl. 17.45 – 21.00:     Marsjering før pause. Husk gode sko/ kle.

Juniorane skal vere med fram til og med pausa, alle tre måndagane.
Aspirantane skal vere med på marsjering 6. mai og 13. mai, og kan møte kl. 17.45 begge måndagar.

Uniformar og utstyr:
Måndag 29.april på korpsøvinga, vert det høve til å bytte uniformer dersom nokon treng det J Ta med dei gamle, og ta kontakt med Synnøve Moe Klokk i uniformsnemnda for å prøve/ bytte. Juniorane og andre som ikkje har fått uniform vil få denne dagen. Er det andre som har uniformer heime som skal leverast inn, so ver snill å ta dei med.

17. Mai

Antrekk:
Aspirantar bruker svart bukse, svarte sko og kvite korpsgensarar. (dei kan også bruke bunad).
Korpsuniform for dei som har. Svarte sko og svarte strømper.
Alternativt for alle: Bunad.
Alternativ for konfirmantar eller eldre: Bunad eller mørk dress.

Kyrkja:
Gudstenesta startar kl. 11.00. Korpset skal spele i kyrkja. Det vil kome nærare info om oppmøtetidspunkt og kva vi skal spele seinare...

17.mai-toget:
17.mai-toget startar etter at det er slutt i kyrkja og kranspålegging.
(ca. kl 11:45). Aspirantane kan vere med å gå i toget ilag med korpset.  Dei skal ikkje ha med instrument i toget. Aspirantane får utlevert ”drill-duskar” (etter gudstjenesta) som dei kan bruke i toget.

17.mai-fest:
Festen startar kl. 15.00 og skal i år vere i Nordøyhallen. Korpset skal møte på scena i god tid før festen startar. Det vil bli utdelt skriv om oppmøtetid og kva vi skal spele etterkvart. Følg med J

Andre arrangement:

Info om korpstur:
Vi har ikkje fått meir detaljerte opplysningar endå, men vil kome attende med det so snart vi veit meir. Minner om at alle som skal vere med må sjekke gyldig pass, forsikringar og liknande.

Haramstreff 2012:
Laurdag 1.juni er det Haramstreff i Søvika.
Korps med juniorar og aspirantar deltek.
Det vert utdelt skriv om antrekk og andre praktiske opplysningar seinare.
                                                                                                                                                            
                                                                                                 Helsing Styret J

Er det noko de lurer på,
ver so snill å ta kontakt J
Julianne tlf: 99 23 29 71