søndag 18. august 2013



NOKON SOM VIL BLI ASPIRANT I KORPSET?

No startar vi på ein ny korps-sesong, og Haramsøy Skulekorps vil difor ynskje nye musikantar, både unge og litt eldre, velkomne som aspiranter i korpset!


Vi sender ut informasjon til 3., 4., 5., 6. og 7. klasse, men elevar i andre klassar har også høve til å melde seg på aspirantopplæring.

Haramsøy skulekorps har i prinsippet inga nedre eller øvre aldersgrense for når ein kan starte som aspirant.
Føresette i samråd med borna må finne ut når borna er mest tent med/ modne nok til å starte. 
Til yngre borna er når dei startar, til meir hjelp treng dei heime. For å få til å spele bør ein øve minst 15 min. kvar dag.

Aspirantundervisninga vil også i år gå føre seg i regi av musikkskulen.
Ingvild Haram er aspirantlærar, og kjem på skulen kvar onsdag. Undervisninga vil vanlegvis gå føre seg i skuletida eller etter skuletid før klokka 15:00.
Tidspunktet for musikkundervisninga skjer i samarbeid med lærarane, og vert endra/ variert i løpet av året slik at elevane ikkje går glipp av nødvendig undervisning. Om det skulle vere spesielle ynskje, prøver vi sjølvsagt å ta omsyn til det so langt det let seg gjer.

Medlemskontingenten for born er 600 kr. (deretter 500 kr. pr. syskjen) for skuleåret 2013/2014.
Korpset vil trenge hjelp til arrangement, kakebaking med meir. Dersom familien ikkje har høve til å vere med på dugnadsarbeid, har korpset åpna for at det er mogeleg å betale ”musikkskule-pris” for musikkopplæringa, (ca. kr 2500).



Påmelding til Ingvild Haram
(tlf: 900 20 675) så snart som mogeleg, og seinast i løpet av måndag 26.08.13.

Det avtalast tidspunkt for utdeling av instrument ved påmelding.
For dei nye aspirantene vert første øving med Ingvild Haram onsdag 28. august  2013.

Det er berre å ta kontakt om det er noko de lurer på, enten til Ingvild,
eller Julianne (tlf: 99232971)


Styret J

søndag 11. august 2013

Velkomne til ein ny korps-sesong :-)

Hei alle saman :-) 
No nermar det seg start på ny korpssesong igjen :-) det gler vi oss veldig til!!!!!  Vi hadde det soooo kjekt forrige korps-år ;-)
Håper alle som ein har lyst til å satse for fullt, med mykje moro, kjekke medmusikkantar og flott musikk :-) vi har litt av kvart på programmet, både utover hausten og våren :-) berre gle dåkke :-)))))
Nokre viktige datoer: 
Første korpsøving måndag 26 august klokka 17.30
Dei som var juniorar i fjor, er no ikkje junior lenger, og skal vere med på heile øvingane. Dei som var aspirantar i fjor, har no blitt juniorar, og kan møte på korpsøving og vere med fram til og med pause (ca kl 19) 
Første øving med Ingvildtimar: 21.august.
Er det noko du lurer på, berre ta kontakt :-)  tlf: 99232971
Vi håper sjølvsagt at alle vert med i korpset vidare.....vi treng alle :-) men om det Er nokon som av ein eller anna grunn ikke har høve til å vere med i korpset lenger, vêr vennlig å ta kontakt so fort som råd. :-)