onsdag 29. januar 2014

Øvingshelga :-)

Hei.
Håper alle er klar for ei kjekk øvingshelg. Her kjem ei lita påminning på øvingstider.

Øving  klokka 18.00 – 20.00 : ingen servering denne øvinga. Et godt før de kjem, og treng du meir, ta med niste :)
Laurdag 1. februar:
Øving  klokka 10.30 – 16.20.
Pause –  mat – klokka 13.00 – 13.30.
Pause – frukt og kjeks eller liknande - klokka 15.00 – 15.15.
Øving klokka 10.00 – 15.30.
Pause - mat og formkaker el. liknande -  klokka 12.30 – 13.00.

Er det nokon som treng meir mat eller energi utover dette, so ta med det nødvendige....
Pass på å møt i god tid, og ta med godt humør og øvingslyst :-)
Dette skal bli kjekt, og vi ser fram til å møte våre gode venner i Flem, Lepsøy og Tennfjord skulekorps....

vel møtt :-)
mvh styret

Vårt neste prosjekt :-)


Hei alle musikantar og føresette :)
No har vi endeleg komt skikkeleg i gong med øvingane igjen, og satsar for fullt mot konserten saman med Rein Alexander 30. mars i Nordøyhallen.
Dette er eit stort prosjekt, og ilag med oss har vi invitert Flem, Lepsøy og Tennfjord skulekorps. Kjempekjekt at alle tre korpsa ville vere med, og det er veldig flott for musikantane å kunne samarbeide på denne måten.
Haramsøy Skulekorps står sjølve som arrangør for dette prosjektet, og då sei det seg sjølv at det vert mykje arbeid på både musikantar, dirigent og foreldre. Mykje KJEKT arbeid. :)
Det dåkke som foreldre treng å merke dåkke no, er konserthelga 27-30 Mars, og felles øvingshelg 31/1-2/2.
Øvingshelga kjem til å gå føre seg på Haramsøy Skule/Samf.hus. Reknar med at vi treng litt hjelp frå nokre av dåkke, men dette vil bli gitt beskjed om. Det vil kanskje også verte kalla inn til ein bakedugnad eller noko slikt, også det vil vil kome tilbake til dersom det er aktuelt.
Når det nermar seg sjølve konserthelga, vil det verte litt av kvart som skal ordnast, riggast og forberedast i hallen. Dette er eit ekstra stort prosjekt, med sjølvaste Rein Alexander og om lag 135 musikantar. Vi håper då på at alle dåkke foreldre er like positive som dåkke alltid brukar å vere. Det er sooo kjekt at vi har so mange flinke og kjekke folk som stiller opp når vi har slike store prosjekt.
Når det gjeld aspiranttane våre, vert det ikkje so mykje speling på dei i forhold til dette prosjektet, men kanskje får dei med på litt andre oppgåver.Dei skal no få konsentrere seg mest om aspirantopplæringa og øving/speling i bøkene sine framover. Vi håper likevel at dåkke som foreldre til aspirantane kan hjelpe til litt under konserthelga.
Det vil bli sett opp nokre komitear/arbebidsgrupper til konserthelga. Mat-komite, praktisk-nemnd, Lyd- Lys-og teknisk arbeisdgruppe,  Pynte-komite, økonomigruppe, pr- og informasjons-ansvarlege osb. Det vert sett opp detaljert arbeidsliste og arbeidsfordeling, slik at alle skal få info om kva oppgåver dei har, og tid/stad osv. Dette er under utarbeideng av styret, og vil bli sendt ut når det er klart. 
Ellers er det berre å ta kontakt med styret v/Siv, TOne eller meg dersom det skulle vere noko du lurer på.
Dette skal bli kjempeflott, og vi gler oss masse !!!!!!!! 
-Og ei lita påminning:
Husk at dei som skal ha Ingvildtimar onsdagane må ta med instument og notar på skulen :)

mvh Styret :-)


Sendt fra min iPad