mandag 16. september 2013

Info




HARAMSØY SKULEKORPS
       Hei alle korpsmusikantar
Styret vil med dette ynskje alle saman velkomne til ein ny sesong med Haramsøy skulekorps.
Vi er komne godt igong allereie, og det er veldig kjekt å få nye juniorar med på korpsøvingane J

Det er eit supert korps-år vi går inn i no, med mykje moro å sjå fram til.
Alle har fått utdelt øvingsplan som gjeld fram til oktober, både på papir ogelektonisk, og vi oppmodar alle om å sjå på den av og til. Der er det viktig informasjon J Nokon som manglar, so ta kontakt.

Vi har ikkje øving i haustferien, men på grunn av sjukmeld dirigent og ting som kom i vegen når vi hadde planlagt øvingshelg, vert det mest sansynleg øving ein dag eller to siste helga i vinterferien (11-13. okt). Håper det passar for dei flesteJ
Det skal vere HaNo-fest også den helga, og vi tilpaassar øving slik at det ikkje kolliderar med den. MEIR INFO KJEM!!!!! Følg med ;-)

KONSERT 27. oktober: Etter haustferien kjem ny øvingsplan, og då er det fult køyr framover mot konserten vi skal ha ilag med barneskulekoret.
Det er berre å sette av helga 25.-27. oktober til øving og konsert.  
Vi gler oss…Dette blir knall- kjekt folkens, og ei super musikk-oppleving :)

Meir detaljar om info, kostymer, arbeidsfordeling og dugnadsliste kjemetterekvart.

Etter Barneskule-konserten vert det som åra før både julemesse , adventskonsert og julegrantenning.
Det er mykje godt arbeid som ligg bak ei god julemesse, og vi håper og trur atde som foreldre også i år vilstille velvilleg opp på dugnad, både med å lage ting, gå med loddbøker, bake lefser og kransekaker, tombola o.s.b.
Lefsebaking vert laurdag 2.november.

Vi vil også be om at de merkar datoen 30. mars 2014 J Då er nok eit knallbraog spennande prosjekt å gle seg til!!!!! Berre vent J

Har du spørsmål, berre ta kontakt, Julianne Tlf 99232971