søndag 19. august 2012

Aspirantundervisning 2012/2013

NOKON SOM VIL BLI ASPIRANT I KORPSET? :)

No startar vi på ein ny korps-sesong, og Haramsøy Skulekorps vil difor ynskje nye musikantar, både unge og litt eldre velkomne som aspiranter i korpset!

Haramsøy skulekorps har i prinsippet inga nedre eller øvre aldersgrense for når ein kan starte som aspirant. Føresette i samråd med borna må finne ut når borna er mest tjent med/ modne nok til å starte. 
Til yngre borna er når dei startar, til meir hjelp treng dei heime. For å få til å spele bør ein øve minst 15 min. kvar dag. Vi sender ut informasjon til 3., 4. og 5. klasse, men elevar i andre klassar har også høve til å melde seg på aspirantopplæring.

Aspirantundervisninga vil også i år gå føre seg i regi av musikkskulen. Ingvild Haram er aspirantlærar, og kjem hit kvar onsdag. Undervisninga vil vanlegvis gå føre seg i skuletida eller etter skuletid før klokka 15:00. Tidspunktet for musikkundervisninga skjer i samarbeid med lærarane, og vert endra/ variert i løpet av året slik at elevane ikke går glipp av nødvendig undervisning. Om det skulle vere spesielle ynskje, ter vi sjølvsagt omsyn til det so langt det let seg gjer.

Medlemskontingenten er 600 kr. (deretter 500 kr. pr. syskjen) for skuleåret 2012/2013. Korpset vil trenge hjelp til arrangement; kakebaking med meir. Dersom familien ikkje har høve til å vere med på dugnadsarbeid, har korpset åpna for at det er mogeleg å betale ”musikkskule-pris” for musikkopplæringa, (ca. kr 2500).

Påmelding til Ingvild Haram (tlf: 900 20 675) så snart som mogeleg, og seinast i løpet av mandag  27.08.12.

Det avtalast tidspunkt for utdeling av instrument ved påmelding. For dei nye aspirantene vert første øving med Ingvild Haram onsdag 05. september 2012.

Det er berre å ta kontakt om det er noko de lurer på, enten til Ingvild,
eller leiar i korpset, Åshild (tlf:  416 19 467)



styret