søndag 19. august 2012

Velkomne til ein ny korps-sesong :)

Hei alle korpsmusikantar :)

Styret vil med dette ynskje alle saman velkomne til ein ny sesong med Haramsøy skulekorps.
Ein ekstra varm velkomst til vår nye dirigent, Ingvild Haram :)


Fyrste øvinga vert måndag 27.august kl. 17.30-19.45.
Då skal alle korpsmedlemmar møte, samt juniorane ( Oda, Knut, Kari, Gaute, Avril og Andreas).
Juniorane skal i utgongspunktet vere med frå 17.30-18.50, men denne første øvinga blir dei med heile tida.
Det vil bli gitt nærare opplysningar etterkvart om kor lenge juniorane skal vere på øving.

På første øving vert det "oppstarts-kos". Vi skal samle trådane frå i fjor (husk å ta med notar, permar utstyr osv). Vi skal sjekke besetning og instrument, ommøblere, dele ut nye notar, ha sosialt samver og sjølvsagt SPELE ;)

Det blir eit supert korps-år vi går inn i no, med mykje moro å sjå fram til.

Det fyrste som skal skje er øvinga måndag 27.08.
Vidare er det oppstart av "Ingvild-timar", onsdag 29.08. Dette er for alle juniorar og korpsmusikantar som går på barneskulen. Tidspunkt og nærare info kjem etterkvart, men hugs å ta med instrument på skulen onsdag 29.08.

So brakar det laust med Brazz Brothers-seminar søndag 02.september kl. 11.00. 
NB! Alle musikantar møter kl. 10.30 på Haramsøy samfunnshus.
Seminaret vert ilag med Flem Skulekorps, og Lepsøy Skulekorps.
Det blir konsert i Nordøyhallen under HaNo-dagane kl. 15.30.
Då skal Brazz Brothers spele ei avdeling først, og so er det ei avdeling med BB og skulekorpsa i lag.
Dette blir knall- kjekt folkens, og ei super musikk-oppleving :)
(mandag 3.sept er det ikkje øving)

Meir detaljar om dette kjem på eige skriv.

 Det vil og verte utdelt ein øvings og konsertplan for hausten snart.
Der vil det stå meir info om ein planlagt konsert i slutten av oktober, som vil vere i samarbeid m barneskulen :)

Vel møtt til første øving :)

Styret


(Er det noko du lurer på, ta kontakt med 
Åshild, Julianne eller Ingvild.)