mandag 27. august 2012

Seminar.



SEMINAR MED
BRAZZ BROTHERS


No GLER VI OSS til ein pangstart på ein ny korps-sesong, og vi vil ynskje alle hjarteleg velkomne til seminar og konsert med Brazz Bros, søndag 2. september.
 Spesielt velkomne til Lepsøy skulekorps og Flem skulekorps.


Program for dagen:

Oppmøte ca. 10.30 på Haramsøy Samfunnshus.

kl 1100-1400:  Seminar Haramsøy Samfunnshus/Skulen.

Det blir speling både felles og i instrumentgrupper.

Fløyte /klar.
Korn./trp
Horn/altsax
Trb/tensax
Tuba/bar
Trommer/perc

Det blir ca to Pauser med litt å bite i  (frukt, saft, boller eller likn.)

Når seminaret er ferdig nede på samfhuset, tek alle med seg kvar sin stol og instrumentet sitt opp i hallen. Her skal vi bruke døra bak i hallen, og sette frå oss stol og instrument attmed scena.

kl 1400-1530:  Mat og myldring på messa i Nordøyhallen

( 1 pølse og brus på kvar - gratis. Har du behov for meir mat og drikke, er det kiosk og kafe i hallen. Det er då høve til å kjøpe det ein sjølv ynskjer.)

kl 1530-1700: Konsert med Brazz Bros og skulekorpsa i Nordøyhallen.


Dette vert kjekt J 

Det er berre å ta kontakt om det er noko de lurer på,
               Åshild (tlf:  416 19 467)
              Julianne (tlf: 992 32 971)